Aleksander Haga Tveit 

Skolekorpsdirigent

47603696
E-post

Underviser i:
Korps

Utdanning:
  • Manger folkehøgskule
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Dundalk University og Technology
  • Universitetet i Bergen
  • Concord Blue Devils
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Stavanger
     

Kort om meg:

Eg kommer ifra Stord, ei lita øy på vestlandet. Der vaks eg opp, og blei fort engasjert i det lokale korpsmiljøet. Eg fekk min første jobb som dirigent i hovedkorps, då eg var 19 år gamal. Etter eit par år, flytta eg til Kristiansand. 

Eg har min grunnutdanning som faglærer i musikk med spesialisering på klassisk slagverk. Utenom har eg fleire dirigentkurs, og ein mastergrad i kunstfagsformidling, med korps som fokus. Eg er ein sjølverklært korpsnerd, og jobbar med korps ifrå mandag til fredag, og ofte i helger også. I korpsa både dirigerer eg og underviser i slagverk og messing. Utanom jobbar eg som freelance- komponist og utøvande slagverker. På fast basis jobber eg med korps rundt på Sørlandet, både i Randesund, i Møvig og i Høvåg. Eg dirigerer både aspirant- junior- og hovedkorps i både Høvåg & Randesund, samtidig som eg har aspirant- og juniorkorpsa i Møvig & Sjøstrand. Musikantane eg underviser er heilt ned i 7 årsalderen, og opp til 19 år, og eg trives godt i dirigentrollen i alle korpsa. 

Til tross for at å dirigera born ulike aldrar er svært forskjellig, er det uansett mestring ei kjernesak for meg, og eg arbeider hardt for at alle musikantar, ifrå stor til liten, skal oppnå mestring samtidig som dei blir utfordra på sitt personlige og individuelle nivå. I korps får alle mulighet til å utvikla seg individuelt, samtidig som dei utvikler seg gjennom aktivt samspill med mange medmusikanter. Samtidig til å væra ein utviklingsarena, er det og ein sosialiseringsarena der fellesskap og inkludering står sentralt. Velkommen på korpsøvelse! 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, til enten mitt virke eller om mine korps!